
Historia om Heilmat
Heilmat starta med eit ønske om å skape noko ekte – ein stad der mat, ro og menneske får møtast.
Bak Heilmat står Ann Helen. Ho er utdanna kosthaldsrettleiar og brenn for heilskapleg helse. Gjennom kurs for både enkeltpersonar og grupper, formidlar ho korleis balanse og gode kvardagsstunder heng saman med kva me et.
Hennes visjon er at Heilmat skal vere ein roleg møteplass der du finn enkle, gode måltid og den gode kjensla av ro rundt bordet.
Laga med kjærleik og erfaring
Saman med Vigdis, vår erfarne kokk med ein djuptgåande kjærleik for gode råvarer, skapar me matopplevingar som gjer godt for både kropp og sjel. Med omtanke i kvart ledd.
Meir enn berre ein kafé
Hos oss finn du også rom for ettertanke. Me ønskjer å fôre meir enn berre magen, og har difor pryda lokalet med:
Poesi: Utvalde dikt av Karl Seglem og Ludvig Søfting som gir rom for refleksjon.
Kunst: Inspirerande verk frå Hammerart på veggane.
Velkommen inn
Heilmat er ein plass for å kome inn, setje seg ned og puste ut. Enten du treng ein pause i kvardagen eller ein god samtale over ein kaffikopp, står døra vår open for deg.
Velkommen til oss

