Nov 20, 2024
Lokalmatmesse på Nedre Storøyni
Velkommen på lokalmat-messe 7. desember
Velkommen til ei smakfull oppleving på Nedre Storøyni 6 den 7. desember! I regi av Smak&Skap, Rune Blikken, inviterer me til ei festleg matmesse med smaksprøvar og sal av lokalmat og handverk frå små leverandørar i området.
Her blir det smaksprøvar og sal av heimelaga godsaker som sylteflesk, laks, ripsgelé, juice, brunost og mykje meir! I tillegg kan du sjå spennande produkt frå småprodusentar som @heklegry og fleire andre.
Støtt lokale produsentar, oppdag nye smakar og nyt førjulstida saman med oss!