Nov 19, 2024
Heilmat åpnar dørene
Den 28. november åpnar me dørene til Heilmat– ein heilt spesiell plass der lokale smakar og tradisjonar står i sentrum! 🌿 Her serverer me heimelaga rettar med dei beste råvarene frå nærområdet, og tilbyr også catering til store og små anledningar.
Kva kan du forvente?
Ekte og smaksrike rettar basert på sesongens råvarer
Lokalmat med omsorg og kvalitet i kvart einaste måltid
Catering til alle som ønskjer noko unikt og smakfullt
Ulike arrangement med mat i fokus
Her på Heilmat ønsker me å skapa ei hyggeleg atmosfære der gode smakar og godt selskap går hand i hand. Ta turen innom for ein kaffikopp, ein lunsj med lokale råvarer, eller planlegg catering til ditt neste arrangement saman med oss!